Olav Sagneskar

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav Sagneskar
Født: 28. april 1930
Død: 11. juni 2018 (88 år)

Olav Sagneskar (fødd 28. april 1930, død 11. juni 2018) budde på Valle Bygdeheim den siste tida. Han var enkemann og etterlet seg barna Thorleif Sagneskar, Erling Sagneskar og Kristin Laasbye Sagneskar, svigerbarn, barnebarn og oldebarn. Gravferda var frå Valle kyrkje onsdag 20. juni 2018 klokka 11.

Han var fødd i Valle og vaks opp der, men reiste til Oslo, der han fekk arbeid i DnC. Seinare vart han aksjemeklar i Scanfonds, som vart kjøpt opp av Fokus Bank. Kona Bjørg Ellen Sagneskar døydde i 1978. I 1988 flytta han tilbake til Valle. Her var han aktiv i VAFA og ivrig innan jakt og fiske, mellom anna på hytta ved Neiretjønn i Valle austhei.

Kjelder[rediger]