Olav Galteland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav GaltelandSymbol unrelated.svg
Olav Galteland.JPG
Født: 14. september 1944 (80 år)

Olav Sigvart Galteland (fødd 14. september 1944) var tannlege på Evje. Han dreiv som privatpraktiserande tannlege i 35 år og var før den tid tannlege i offentleg teneste både i Nord-Norge og Trøndelag. Han hadde tannklinikken sin i Sagatunbygget på Evje. Frå 2012 samarbeidde han med tannlege Carl Christian Glad, som driv Elvebredden Tannlegesenter i Kristiansand, men som også er på Evje eit par dagar i veka.

Olav Galteland er frå 2009 nestleiar i Evje og Hornnes Høyre. Då han gjekk på Hornnes landsgymnas, var han aktiv fotballspelar i Otra IL og med på Otra ILs A-lag 1964 som vart kretsmeistrar i 5. divisjon. Han har og vore leiar i Otra IL (1999), og i friidrettsgruppa (1989-1990).

Foreldra til Olav var kontormann Eivind Galteland (f. 1908) og Eli Galteland (f. Skibsrud, 1907). Sigvart Skibsrud var bestefar hans.

Kjelder