Olaf Moen
Olaf Moen![]() | ||
---|---|---|
Født: | 1. mai 1978 (46 år) |
Olaf Moen (fødd 1. mai 1978) er kvedar og demenskoordinator i Bamble kommune. Han kjem frå Akland i Risør kommune og gjekk på Valle vidaregåande skule 1994-97 då skulen hadde musikk, dans og drama som linjefag. Han hadde begynt som folkesongar alt som tolvåring, og dei lange balladane fascinerte han. I Valle var han både elev og sivilarbeidar og song for Kirsten Bråten Berg, Torbjørg Aamlid Paus og Unni Boksasp. Så gjekk vegen vidare til Rauland, der han tok grunnfag folkemusikk. Der hadde han lærarane Frode Nyvold og Ragnhild Furholt. Årsoppgåva var om songtradisjonen i Gjerstad og indre Søndeled.
Etter eit år med folkedans og tradisjonskunnskap på NTNU i Trondheim gjekk turen tilbake til Kristiansand. Der studerte han vernepleie på Høgskolen i Agder og tok eksamen i 2003.
Før han begynte som demenskoordinator i Bamble kommune sommaren 2021, hadde Olaf Moen arbeidd som fem miljøterapeut i Risør kommune, 16 år som miljøterapeut og vernepleiar i Kristiansand kommune og vore engasjert av Nasjonalforeningen for folkehelsen i Aust-Agder.
Diskografi
- Om alt som henda kan 2019 saman med Robert Løkketangen. Med folkesongar frå kommunane aust i Agder.