Nydeleg jolekonsert på Bygland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå konserten.

Nydeleg jolekonsert på Bygland er eit innlegg Geir Daasvatn skreiv på Facebook etter å ha vore på konsert med Kong Hanes eftf. og vener i Bygland kyrkje sundag 14. desember 2025.

Nydeleg jolekonsert på Bygland 💝

Kong Hanes eftf. & vener gav oss ein vakker jolekonsert i Bygland kyrkje sundag kveld.

I ei godt fyllt opp kyrkje var den lune, gode jolestemninga til å ta og føle på. Dei unge solistane Ane Børset Kvaale, Gunnar Åmund Løyland Ose og Sigrid Fauske Helle imponerte med både stemmeprakt og ikkje minst mot. Det er tøft gjort å stå fram for ei slik forsamling!

Øyvind Omnes tolka fleire songar, og tok det til store høgder på «O Helga Natt» med den mektige røysta si. Når så Marit Vegusdal forsterka høgtidsstemninga med trompetsolo var klumpen i bringa stor.

Silje Høgevold fekk englane til å kvede og «Pie Jesu» med Anne Løyland og Silje Høgevold oppe frå trevet var som å høyre englane synge høgt der oppe i himmelen. Elisabet Svartbak Christiansen sørga for god variasjon i programmet med ei sprudlande framføring av «Have Yourself a Merry Little Christmas».

Stina Hovet fylte ut biletet med følsomt felespel og Runar Granheim var eminent pianist. Trekkspelet var lagt igjen heime denne kvelden. Rune Skibsrud stod for ljossettinga. For meg som er hobbyfotograf gjev det ekstra stjerne i kakakterboka.

Kven sydde så alt dette saman til ein vakker heilskap? Jau, det var sjølvsagt energibunten Siv Eline Jacob. For ei gåve å ha ei slik urkraft i bygda!

Koret var veldig godt samstemte etter mitt (ringe) gehør, med «Mitt hjerte alltid vanker» og «Fairytale of New York» som musikalske høgdepunkt mellom fellessongane for min del.

Koret, ja det var Anne Fauske, Anne Løyland, Elin Kvaale Hansen, Guro Kvaale Skibsrud, Tone Omnes, Gunnhild Røkkum Børset, Lina Elise Eie Kleivane, Marit Vegusdal, Silja Merete Moberg Hus, Silje Høgevold, Elisabet Svartbak Christiansen, Johanne Fosse, Svein Kleivane, Arild Abusland, Oddvar Omnes, Sigve Bruun Jacob og Øyvind Omnes.

Konserten tok til med «Når Himmelen Faller Ned». Men her var det slett ingen himmel som fall ned! Eg vil heller seie at me tilhøyrarar blei lyfta opp. Om ikkje heilt opp til himmelen, bokstavleg talt, så til ei himmelsk lun og god jolestemning her på jorda. Takk 💝