Norsk Munnharpeforum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Norsk Munnharpeforum vart stifta i 1998 og har som mål å utvikle interessa for munnharpa i Norge og å drive opplæring på munnharpe, vidare å formidle kunnskap om munnharpe­tradisjonane våre, korleis instrumenta blir laga og kva for musikk som fins på munnharpe. Organisasjonen gir ut medlemsbladet Munnharpa, som kjem med fire nummer i året. Medlemskontingenten er 250 kroner året.

Festivalar[rediger]

Norsk Munnharpeforum arrangerer kvart år Den Norske Munnharpefestivalen. Desse festivalane vart starta opp før organisasjonen vart etablert og også seinare har andre vore arrangørar. Den første blei arrangert på Fagernes i 1995 av Ånon Egeland. Han sto også sentralt i dei tre neste festivalane, som vart haldne i regi av Valdres Folkemuseum på Fagernes.

  • 1999 Rysstad i Setesdal (Norsk Munnharpeforum)
  • 2000 Vågå (Vågå spel- og dansarlag)
  • 2001 Ål i Hallingdal (Ål spel- og dansarlag)
  • 2002 Rauland
  • 2003 Sota seter i Skjåk (Norsk Munnharpeforum)
  • 2004 Fagernes (10-årsjubileum i 2004, Valdres Folkemusikklag)
  • 2005 Gjøvik (Gjøvik spelmannslag)
  • 2006 Rysstad i Setesdal (Norsk Munnharpeforum og Setesdal Spelemannslag)
  • 2007 Dalen hotell (Norsk Munnharpeforum)
  • 2008 Oslo (Norsk Munnharpeforum)
  • 2009 Gjøvik (Gjøvik spelmannslag)
  • 2010 Fagernes (Valdres Folkemusikklag, NMF og Norsk langeleikforum)
  • 2011 Ål i Hallingdal (Liatoppen) ( Ål spel- og dansarlag, Norsk Langeleikforum og Norsk Munnharpeforum)
  • 2012 Bø i Telemark (Bø hotell)(Norsk Langeleikforum og Norsk Munnharpeforum)
  • 2016 Oslo (Riksscenen)(Norsk Munnharpeforum og Riksscenen)
  • 2014 Horten (Karljohansvern)(Norsk Munnharpeforum)
  • 2015 Dovre (Hjerleid skole og handverksenter) (Norsk Munnharpeforum og Hjerleid skole og handverksenter)
  • 2016 Bykle Hotell (Norsk Munnharpeforum)

Heidersmedlemmer[rediger]

Styre[rediger]

I 2016 var desse med i styret

Leiar: Bent Åserud, kasserar: Sigbjørn Solbakken, Sven Håkon Jørgensen, Mona Ottesen, Kenneth Lien, Viggo Vestel

I 2010 var desse med i styret

Kjelder[rediger]