Nordmannsvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Mellom Nedre Lognetjønn i framgrunnen og fjella i bakgrunnen gjekk den gamle ferdslevegen.
Foto: Geir Daasvatn
Nordmannsvegen, som også var kalla Såveskarvegen, var den viktigaste vegen mellom Åseral og Setesdal i eldre tid. Han gjekk over Skomedalsheia, gjennom nordre del av Vestre Trældal, opp Såveskaret, over Prestvardheia, det høgaste punktet på vegen, og ned til Espelid og Austegard ved Lognavatn, og vidare sørover over Kyrkjevodden gjennom Lognadalen til Kyrkjebygd.
Kjelder
- Kulturminneplan Åseral 2020-2025, side 62