Nordgard (Åseral gnr. 12)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nordgard er ein gard (gnr. 12) ved Lognavatn i Åseral. Nabogard i aust er Åknes. Desse to gardane var tilbake i tid ein gard, under namnet Vestre Lognevatnet. Men då ny matrikkel kom i 1838, fekk dei kvart sitt gardsnummer (gnr. 12 og gnr. 13). I nord ligg Tjaldal. Fylkesveg 4030 går gjennom garden og vidare nordover til Bortelid.
Kjelder
- Tarjei Liestøl, Åseral Gard og Ætt, bind I, 1976, side 458–475
- Norgeskart.no