Murtetjønna

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Murtetjønna er eit vatn på Bortelid i Åseral kommune. Vatnet er fiskerikt og området rundt vatnet er populært turområde. Det går ein sti langs austsida av vatnet, og om ein fylgjer den, kan ein kome ned i Gloppedalen om lag ein kilometer nord for Tjaldal.

For å kome til Murtetjønna, går ein ned bakken vis-a-vis Bortelidseter Hotel og følgjer vegen langs jordet sørover til brua over bekken. Like før bekken er det ein sti sørover til Murtetjønna.

Campingplass

Thomas Repstad etablerer ein campingplass ved Murtetjønna, Bortelid camping, og vinteren 2010 byggjer han sanitæranlegg. Planen er å få 230 plassar for campingvogner på ein plass med heilårsdrift, slik at folk kan setje campingvognene sine her heile året.

Kjelder og eksterne lenker