Merkantil Service Rysstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Merkantil Service Rysstad vart etablert i 2007 i sentrumsbygget på Rysstad med Torunn H. Langeid som einaste tilsette. Kontoret er ei avdeling av Merkantil Service som har hovudkontor i Kristiansand og avdelingskontor i Søgne, Vennesla, Evje, Rysstad og Hovden.

Avdelingskontoret på Rysstad fører rekneskap for næringslivet og har om lag 120 kundar frå Evje til Hovden. I tillegg til å føre rekneskap, tek dei også oppdrag innan løn og fakturering. Om ein privatperson vil ha hjelp med sjølvmeldinga, ordnar kontoret også slike oppdrag.

Frå ein liten start med ein tilsett og ope to dagar i veka har kontoret i 2012 tre tilsette i 2,4 årsverk. I tillegg til avdelingsleiar Torunn H. Langeid fann ein også Inger Lise Homme og Anne Grete Lio der. Omsetninga for avdelinga var vel to millionar i 2012. I 2013 begynte Liv Mandt og Petra Marie Homme på kontoret.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]