Torunn H. Langeid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torunn H. LangeidSymbol unrelated.svg
Født: 21. august 1958 (61 år)

Torunn Helene Langeid (fødd 21. august 1958) er avdelingsleiar hos Merkantil Service Rysstad. Då kontoret der starta i 2005, var ho einaste tilsette.

Etter Hornnes gymnas gjekk ho eit år på Toneheim Folkehøgskole og deretter på Otto Treiders Handelsskole, Oslo/ St. Godric's College, University of Cambridge, London. (1-årig studium språklig/merkantil linje). Som vaksen har ho teke diverse bedriftsøkonomiske høgskulefag.

Etter endt utdanning arbeidde ho tre år på advokatkontor i Ås som sekretær for advokat og eigedomsmeklar og saksbehandlar for inkassovirksomheten. I 1985 tok ho til hos Otra Kraft DA som sekretær og økonomikonsulent. Denne stillinga gjekk i 2004 over til jobb i Agder Energi Tjenester AS, Seksjon Økonomi, avdeling Rysstad. Då Agder Energi beslutta å legge ned økonomiavdelinga på Rysstad i 2004 fekk ho eit vikariat i Valle kommune som økonomikonsulent.

Hausten 2004 blei ho tilsett i Merkantil Service AS – hadde då Evje som arbeidsstad fram til kontoret i Rysstadtunet var ferdig i januar 2005. Sidan har ho vore avdelingsleiar i Merkantil Service Rysstad, som etter kvart har vakse til fem tilsette.

Som hobby har ho korpsmusikk – i 2013 var dei fleire vaksne som starta opp att i Bygland Hornmusikk sidan det stod i fare for å bli lagt ned. Torunn Langeid var også engasjert i Valle musikkorps før det vart nedlagt og hadde opplæring av korpsaspiranter i åtte år gjennom musikkskulen.

Kjelde[rediger]