Marius Lien
Marius Lien | ||
---|---|---|
Født: | 1994 (alder 30–31) |
Marius Lien (født 1994 på Gjøvik) budde på Senum. Han var aktivt med fotball i Otra IL og starta som 15-åring i 2010 ein dommarkarriere i fotball for klubben. Så flytta han til Grimstad for å gå på vidaregåande skole og meldte etter kvart overgang til IL Express. I 2012 blei han kåra til Årets dommar i Agder. I 2014 meldte han overgang tilbake til Otra IL, og fortset no dommerkarriera si i klubben.
I 2013 overtok han drifta av kaféen på Arendal sykehus og ble med det den yngste butikksjefen i Reitan-konsernet. Han var i praksis i Narvesen-kiosken då jobben vart ledig. Dermed søkte han på jobben og fekk den.
Marius blei kåra til Årets dommar i Agder Fotballkrets i 2017. Søndag 29. april 2018 debuterte han som kampleiar i OBOS-ligaen, det nest-høgaste nivået i Norge.
Kjelder
- Den yngste hos Reitan. Artikkel i Setesdølen nr. 70, 2013 side 1
- Liste med dommeroppdrag på nettsida til Norges Fotballforbund
- Artikkel om "Årets dommer 2017" på nettsida til Agder Fotballkrets