Marie Sverdrup Tveitan

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Marie Sverdrup Tveitan
Marie Sverdrup Tveitan.jpg
Født: 14. juli 1918
Død: 1. desember 2019 (101 år)

Marie Sverdrup Tveitan (fødd 14. juli 1918, død 1. desember 2019) var lærar på Notodden. Ho er dotter til Søren Sverdrup Lund (1872) og Anne Bjørgulvsdtr. Lund. Ho begynte tidleg å arbeide i butikken til faren og styrte butikken i fem år medan faren var ute på handelsreiser. Eitt år var ho også assistent for doktor Gert Magne Høye i Valle, så ho hadde mykje erfaring frå arbeidslivet då ho tok til på lærarskulen i Kristiansand i 1939. Hausten 1940 vart heile lærarskulen flytta til Notodden, så ho fullførte utdanninga der.

Som nyutdanna fekk ho seg lærarjobb i heimkommunen og arbeidde i Valle i fleire år. Men så fekk ho spørsmål om å bli lærar på Notodden og flytta tilbake til byen der ho hadde teke utdanninga si. Der møtte ho også Gunleik Tveitan, som ho gifta seg med i 1950. Dei fekk fire born: Lars Sverdrup Tveitan, Magne Sverdrup Tveitan, Ragnhild Sverdrup Tveitan og Steinar Sverdrup Tveitan.

Etter ei tid tok Marie Sverdrup Tveitan vidareutdanning i heimkunnskap og forming i Oslo og sidan vart dette faga ho underviste i. I fritida engasjerte ho seg i Lærerinnenes misjonsforbund og Heddal bygdekvinnelag så vel som i andre lag og foreningar. I alle år heldt ho kontakt med heimbygda der ho hadde hytte i Finndalen og elles deltok på sentrumsfrukost og sauesjå.

Kjelder[rediger]