Magnhild Meltveit Kleppa

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Magnhild Meltveit KleppaSymbol unrelated.svg
Magnhild Meltveit Kleppa.JPG
Foto: Jarle Vines
Født: 12. november 1948 (71 år)

Magnhild Meltveit Kleppa (fødd 12. november 1948 i Fister i Rogaland) er ein politikar frå Senterpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget i 1993 medan ho var nestleiar i partiet. Frå 1997 til 2000 var ho sosialminister i Kjell Magne Bondeviks regjering. Frå 2007 til 2009 var ho kommunalminister og frå 2009 var ho samferdsleminister. Etter 20 år på Stortinget sa ho frå at ho ikkje ville ta attval i 2013.

Utdanninga si har ho som lærar frå Kristiansand lærarskole, seinare har Magnhild Meltveit Kleppa studert samfunnsfag, biologi og spesialpedagogikk ved Stavanger lærarskole. Ho arbeidde som lærar og rådgjevar frå 1967 til 1992.

Besøk i Setesdal[rediger]

13. juni 2012 skulle ho ha besøkt Setesdal for å sjå på utbygginga av Riksveg 9 saman med Setesdal Regionråd, men besøket vart utsett til hausten.

Kjelder[rediger]