Lokale sykkelmerke voks fram for hundre år sidan

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Åtte kvinner i Setesdalsdrakt på veg til Valle kyrkje (fire med sykkel). Dei fire syklistane er (f.v.): Tone Rygnestad, Gunhild Dale, Gyro O. Haugen og Gyro T. Rygnestad. A.B. Wilse 1934/ Norsk Teknisk Museum
På eldre bilete frå 1900-talet var hesten ofte bytt ut med sykkelen som statussymbol. Her er nokre syklistar frå Evje-distriktet ikring 1915. Foto frå Norsk Folkemuseum/ digitaltmuseum.no
Syklistar utanfor Evje skysstasjon
Annonse for Ths. Birkeland fra 1942
Annonse for Sverre Staalesen 1943

Lokale sykkelmerke voks fram for hundre år sidan er ein artikkel som Johnny Haugen skreiv i Setesdølen nr. 55, 2016 side 8.

I dag blir dei fleste norske syklar produsert i Asia. Slik har det ikkje alltid vore. Tidleg på 1900-talet vaks det fram ei rekke lokale sykkelprodusentar i Noreg, mellom dei Jonas «DBS» Øglænd i Sandnes og Maskinhuset i Stavanger.

Det mange neppe er klar over, er at ein på denne tida også fann 20 sykkelfabrikkar og over 70 forskjellige sykkelmerke berre i Agderfylka. Blant desse var KvikkEvje og StjerneByglandsfjord.

Kvikk på Evje[rediger]

I dag er mykje av kunnskapen om desse lokale sykkelmerka gått tapt. Men noko veit me framleis, takka vere lokale eldsjeler. På Evje var det kjøpmann Thomas Birkeland (1882-1959) som stod bak det lokale sykkelmerket KVIKK. Truleg starta han opp sykkelverkstaden på Evje på 1920-talet då han importerte halvfabrikata sykkelrøyr frå utlandet, som han så sveisa og sette saman. Seinare fekk han ein avtale med Maskinhuset og Øglænd-konsernet i Rogaland om å selje DBS-rammer under sitt eige KVIKK-merke. Dette held han fram med til krigsåra 1940-45. Etter krigen overtok sonen Leif T. Birkeland (1915-1991) verkstaden og han heldt fram med å reparere syklar på Evje til utpå 1960-talet.

Stjerne på Byglandsfjord[rediger]

På Byglandsfjord var det sagbruksarbeidar Kervel Stålesen (1878-1943) som starta opp med sykkelmerket STJERNE. Han sette opp ein verkstad på Solberg i åra før første verdskrig, der han reparerte og sidan selde syklar. Det er i dag noko uklart om han sjølv sveisa saman dei første syklane, men i mellomkrigstida fekk han tilsendt ferdige sykkelrammer frå DBS i Rogaland, som han selde under sitt eige STJERNE-merke. Etter andre verdskrigen førde sonen Sverre Stålesen (1908-1997) verksemda vidare, og han held fram med sykkelverkstaden til utpå 1970-80-talet.

Sykkelen revolusjonerte samfunnet[rediger]

Då desse lokale sykkelprodusentane starta opp for omkring hundre år sidan, så kosta ein sykkel ei lita formue. Sykkelen var då mest for dei velsituerte, og var meir eller mindre eit statussymbol. Seinare fekk fleire råd til å kjøpe seg ein sykkel, og sykkelen som teknisk innovasjon revolusjonerte måten folk bevega seg på, både geografisk, sosialt og kulturelt. Denne samfunnsendringa har berre i liten grad kome til uttrykk i eksisterande litteratur.

Sykkelkonstruktørane er gløymde[rediger]

Sykkelen har dessutan stort sett vore sett på som ein bruksgjenstand, ein transportreiskap og konkurransekamerat, men lite merksemd har kome konstruktørane til gode. Det siste bør ein kanskje gjere noko med. Oppfordringa til lokalinteresserte må difor vere å gripe fatt i desse lokale sykkelmerka og forsøke å grave fram meir kunnskap om både lokale produsentar og omstenda rundt, før det er for seint. Heldigvis har lokale eldsjeler som Jon Omland og Kjell Hansen på Evje og Torgeir Moseid og Helge Robstad på Byglandsfjord teke vare på nokre eksemplar av desse syklane og litt av historia ikring – før dei hamna heilt på den historiske skraphaugen.

Kjelde[rediger]

  • Johnny Haugen: Lokale sykkelmerke vaks fram for hundre år sidan. Artikkel i Setesdølen nr. 55, 2016 side 8