Lars J. Rysstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lars J. Rysstad
Født: 5. november 1912
Død: 14. januar 1999 (86 år)

Lars J. Rysstad (fødd 5. november 1912, død 14. januar 1999) arbeidde i Televerket i mange år. Sentralen kom til far hans, Jon Bjørgulvsson Rysstad i 1922. Systera Liv var stasjonshaldar til ho gifta seg i 1960, då overtok Birgit O. Rysstad telefonsentralen på Rysstad. Lars og Birgit gifta seg i 1951. Dei fekk dottera Astri Rysstad.

Lars J. Rysstad var med i den kommunale bygdeboknemnda og formann i skriftstyret for Jol i Setesdal. Han skreiv både dikt og prosa i aviser og tidsskrift.

Kjelder[rediger]

  • Om Lars Jonsson Rysstad i Alfred Ryningen: Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad side 388