Langeid skule

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulehuset på Langeid 29. januar 2017.

Langeid skule var ein grendeskule på Langeid i Bygland.

Det var først eit skulehus på grunnen til Rotun (bnr. 2) på Nedre Langeid. Det låg kloss ved og ovafor Postvegen. Det var ein tømra laftebygning, etter kvart bordkledd på alle sider og oljemåla. Huset var i bruk til ca. 1911, då det blei rive.

I staden for det gamle skulehuset kom eit nytt ca. 1911. Det blei bygd på andre sida av vegen, om lag 50 meter lenger nord enn det gamle skulehuset. Eigedomen var kalla Tupti (bnr. 6).

Sentraliseringa gjorde at elevane frå Langeid blei flytta til Tveit skule. Skulehuset blei då gjort om til bedehus og forsamlingshus. Det står framleis (2024), kloss inntil den gamle setesdalsvegen.

Kjelder

Kart

Laster kart...