Landsverk III

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Landsverk III med dei spanande skrotrøysene utanfor gruva.

Landsverk III, også kalt Hagebrotet eller Beryllbrotet, er ei nedlagt feltspatgruveLandsverk, rett sør-vest for den nedlagte Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje. Landsverk III er med i eit nett av fem nedlagte gruver, Landsverkgruvene, som til saman utgjer Evje Mineralsti.

Dette er ei svært spanande gruve, der det er funne mykje beryll, thortveititt, ilmenorutil, amazonitt med meir. Drifta starta rundt 1900. Brotet blei tidleg nedlagt, etter at det var teke ut om lag 250 tonn feltspat og noko beryll. Dei mange verdfulle minerala er gjerne funne seinare, i dei gamle skrotrøysene utanfor gruva. Theodor Gautestad selde på 1960-talet ei bøtte med thortveititt frå denne gruva til USA for 170 000 kroner. Det var ei formue på den tida.

Kjelder[rediger]

  • Plansje/oppslag ved Evje Mineralsti