Kvernåni (Langeid)
(Omdirigert frå Kvernåna (Langeid))

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Kvernåni er ei elv langt sør på Langeid i Bygland. Ho kjem frå Øvre Stemtjønn og Nedre Stemtjønn oppe på Langeidsheia, renn ned dalsida og ut i Otra frå vest ved Krokå.
I elva låg kvernene i garden. Det var stem i elva oppe på heia. Bøndene stemde opp om kvelden, så dei kunne male på kvernene om dagen. Etter 2. verdskrigen var det slutt på å male kornet sjølv, og kvernene blei borte.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 86
- Statens Kartverk