Kommunevåpenet i Bykle kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kommunevåpenet i Bykle kommune har grøn grunn, strødd med sylvdropar. Våpenet blei godkjend ved kgl. res. 4. april 1986. Det er teikna av Daniel Rike.
Eit felt strødd med dropar har av engelske heroldar fått spesielle namn etter kva for fargar dropane har. Sylvdropar blir vassdropar. Bykle har vald sylvdropar eller vassdropar fordi det passar godt for utviklinga i kommunen. Dropane symboliserar vatnet som alltid har runne gjennom bygda, og som heilt frå utbyggjinga av vasskraft starta omkring 1915 har vore avgjerande for å oppretthalde busetting, sysselsetting og levekåra i bygda.
Den grøne fargen kan symbolisere primærnæringa - jordbruket.
Sjå også
- Kommunevåpenet i Valle kommune
- Kommunevåpenet i Bygland kommune
- Kommunevåpenet i Evje og Hornnes kommune
- Kommunevåpenet i Åseral kommune