Daniel Rike

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Daniel RikeSymbol confirmed.svg
Født: 17. mars 1940 (80 år)

Daniel Rike (fødd på Dølevodd, 17. mars 1940) er den som teikna kommunevåpenet i Valle kommune. Han teikna også kommunevåpna i Evje og Hornnes og Bykle. Han er pensjonert lærar og er busett på Stathelle i Bamble kommune. Han har teikna 13 kommunevåpen, flest i Aust-Agder, men og Audnedal i Vest-Agder og Drangedal og Kviteseid i Telemark. Han er og kjent for sine ikonbeslekta bilete med motiv frå sakrale glassmåleri i kyrkjer og franske katedralar, han er åleine om dette.

Han vaks opp i Sokndal frå han gjekk i andre klasse og gjekk realskule der. Han tok så fireårig lærarskule i Kristiansand frå 1958 til 1962. Deretter vart det befalskule i Hærens Sanitet, velferdslinja. Det var på Lahaugmoen. Deretter var han lærar to år i Stathelle. Så reiste han ut i Sjømannsmisjonen, først Lima i Peru i 1967 og så New York, der han var til 1972. Sidan har han vore lærar på Stathelle til han vart pensjonist i 2004, inkludert sju år i Tvedestrand frå 1981 til 1988.

Daniel Rike har overteke barndomsheimen Dølevodd og nyttar den når han han er i Valle.

Bibliografi[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]