Miling Svalastog

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Miling Svalastog
Født: 29. april 1919
Død: 8. juni 2004 (85 år)

Miling Svalastog (fødd Jensen 29. april 1919 i Trondheim, død 8. juni 2004 i Rauland) er vevkunstnaren som vov veggteppa i kommunestyresalen i Valle. Det syner utviklinga frå den fattige til den rike kommunen

Ho var frå 1942 gift med Bjørn Svalastog frå Rauland og der ho etablerte vevstoge etter å ha teke utdanning på teiknelinja ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Ho hadde ein rik produksjon og mange verk heng i offentlege bygningar og institusjonar. Ho reiste mykje i utlandet for å studere ulike kunstverk og hente inspirasjon. Ho var også sterkt engasjert i etableringa og oppbygginga av Dyre Vaa-samlingane, der ho var leiar for stiftelsen i 15 år frå 1981 og arbeidde tett saman med Thora Vaa mellom anna med å gjennomføre den årlege sommarutstillinga i Rauland.

Utvalde verk

Veggteppet i kommunestyresalen i Valle
Foto: Britta Lise Homme
  • Veggteppe i kommunestyresalen i Valle
  • For Norsk Hydro i Rjukan laga ho eit teppe på 1,5 x 3,5 m som viser elektrisitetens historie
  • På Rauland Høgfjellshotell heng teppet «Litt av vår fine flora» som viser 17 planter – med blom, blad, rot og namn. Dei har også teppet «Morgenstund» i samme format.

Heder

  • Statsstipend for eldre fortjente kunstnere 1990
  • Vinje kommune sin kulturpris og kunstnarløn

Kjelder