Knut og Blåmann
Knut og Blåmann er ei lita historie Rita Flottorp frå Evje har skrive om far sin Knut og geitebukken Blåmann heime på garden på Øvre Flottorp i Grindheim i Audnedal. Rita tenker seg at den 12 år gamle Knut og Blåmann er på tur i Flottorpsheia, og korleis dei to gode kameratane kunne oppleve ein fin vårdag rett etter 2. verdskrigen. Føremålet med stykket er ikkje bare å gje ei miljøskildring frå ei tid som er forbi. Rita har også fletta inn veldig mange lokale stadnamn i forteljinga, for å bidra til at dei vert teke vare på for ettertida. Stykket er attgjeve med godkjenning frå forfattaren. Lenkene i denne elektroniske utgåva er lagt til i ettertid.
Stykket stod på prent i Audnedal Historielag si Årbok for 2016, side 26-28.
Knut og Blåmann
Januar og februar hadde gått sin gang med sprengkulde og bitande vind, med store snøfall og med drev som føykte alle vegar att. Det hadde vore eit slit for både folk og fe. Kyndelsmesse kom, og med den halvgått vinter. Sola steig høgare på himmelen for kvar dag, veret blei mildare. Det gjekk mot seinvinter og vår. Det var ei god tid. Ein kunne slappe av litt og ta imot blenkjande soldagar med blå himmel. Mars kom som ein venleg gjest etter den harde vinteren. Barskogen kasta av seg snøen og fekk att grønfargen. Trivselen kom att i arbeidet og livsgleda bygde seg opp på nytt.
Arbeid var det alltid nok av. Tolv år gamle Knut var glad i å arbeide, men best likte han seg når han kunne ha med geitebukken sin, Blåmann. Han drog på åra no, Blåmann, men blei kautig når han fekk spent på kjerra og gjekk enno lettbeint rundt på garden. No ville Knut ha med seg Blåmann opp på heia. Sola stod enno høgt på himmelen då dei to la i veg opp Kleivane og innover mot Svartefjell. Det låg litt høy att i den gamle løa som skulle heim til gards. Far hans, Severin, hadde vore oppe tidlegare i vinter med gamlehesten og henta det meste. Denne turen var mest for moro. Knut likte å gå aleine på heia med Blåmann. På desse turane kunne han la tankane vandre fritt og drøyme om framtida.
Snøen hadde bråna opp Vabakkjen og Kleivane, det var tåleg fint å gå. Oppe ved Støyten, rett innunder Stemmen, tok han til høgre ved den krokute furua. Han ville ta sommarvegen inn, sjølv om det enno låg att ein del snø. Det var april no, og påska hadde vore fin med fleire skiturar inn til Gråstad. Det var alltid gildt å treffe folk frå bygda og tevle med dei som var eldre i skihopp.
Dei gjekk forbi Kyrehola og inn Kistedalen. Stien gjekk ovafor dalen, og når du såg ned var det ein stein der som hadde form som ei kiste. Knut likte seg ikkje her, dessutan var det bratt ned og han måtte passe på så ikkje kjerra til Blåmann sklei ut. Då dei kom til Pinkesteinen var det tid for å slå lens. Det var her gamlekarane stoppa når dei skulle på heia. Steinen var stor nok til å løyne seg bak. Her ved Pinkebrotet møttest dessutan sommarvegen og vintervegen. No gjekk dei inn til Torvetjønn der dei gamle alltid brukte å ha ein rast. Løa her var tom for høy og Knut ville ikkje stoppe. Inn til høgre låg Grautberget. Det var mykje å slå her når sommaren kom, men det ville ikkje Knut tenkje på no. I plassen tok dei til venstre, inn til Hattemannen og Trappeslåttan. Hattemannen kunne ein ikkje gå forbi utan å sei: «God dag hattemannen!» Her var løa til bestefar Knut, men dei la i veg vidare.
Opp under Svartefjell var dei då den siste solstripa synte seg over Heddehei i vest. Knut visste at det var lite høy att i løa, men henta ut det han kunne få med seg og la det på kjerra til Blåmann. Blåmann laut få litt høy han òg, og litt av nista gjekk au med. «Det er visst ikkje botn i deg», sukka Knut og såg ned i det tome nisteskrinet. Mor hans, Regine, var raus med nista når dei skulle på heia, men ho hadde nok ikkje likt at Blåmann fekk ein så stor ein del av sendinga. Kvila blei kort, men ein tolvåring trong ikkje så mykje kvile. Han visste godt at dei måtte vere heime før det blei alt for mørkt. Turen heimover gjekk lett. Knut var lommekjend på desse stiane, og Blåmann hadde gått her fleire gonger han med. Sledespora frå i vinter var enno greie å følgje.
Vel heime i Neset spente han kjerra av Blåmann og bar det vesle høyet han hadde henta inn i floren. Blåmann gjekk inn på den faste plassen sin av gamal vane. Knut tenkte ikkje så mykje over at denne turen hadde tatt Blåmann lengre tid enn før og at han gjekk noko meir stivbeint.
Då Knut la seg denne kvelden var han nøgd med dagen, og framtidsdraumane hadde forma seg fastare i sinnet. Og i dei var det ikkje heia og skogen han såg føre seg, men den store verda der ute og eit blenkjande hav.
Kjelder
- Rita Flottorp sitt manuskript til stykket
- Audnedal Historielag, Årbok 2016, side 26-28