Audnedal Historielag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Audnedal Historielag er eit felles historielag for dei to bygdene Grindheim og Konsmo i gamle Audnedal kommune. Laget blei skipa i 2008, og har om lag 100 medlemer. Leiar (2022) er Olav Flottorp.
Kvart år gir laget ut ei årbok. Første gong var i 2010. I 2013 gav laget ut ei bok om flystyrten over garden Åsan i Konsmo i 1943. Det blir normalt arrangert minst ein større fellestur i året. Laget gjer også frå 2019 ein stor frivillig innsats i arbeidet med nye bygdebøker for Grindheim og Konsmo. Her er planen å gi ut i alt fem bind.
Kjelder
- Olav Flottorp, Audnedal Historielag, artikkel i Egde nr. 2, 2022, side 4–6