Knut T. Sandnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut T. Sandnes
Født: 24. september 1915
Død: 14. april 2009 (93 år)

Knut T. Sandnes (fødd 24. september 1915[1], død 14. april 2009) budde i Oslo. Han var fødd i stoga heime i Ryningen på Sandnes i Bygland. Foreldrene var Tarjei P. Sandnes og kona Torbjørg, som var frå Ose. Han gjekk på skule på Skomedal, då budde han hjå Bjørgulv Myhola. Etter artium gjekk han befalskule og politiskule og før krigen kom han inn i ordenspolitiet i Oslo, der han vart omfådesjef i ein av bydelane. Han vart pensjonist frå politiet 57 år gamal, då fekk han seg arbeid i Fokus Bank i Oslo og var der til han vart 67 år. Som pensjonist var han ofte tilbake i Setesdal, der han hadde ei bu på den gamle støylen Ækron ved Haugetveit.

I 1948 gifta han seg med Borghild Sandnes, ho var frå Klepp på Jæren. Dei fekk to born. Ho døydde i 1993.

Han vart gravlagd frå Grefsen kapell fredag 24. april 2009.

Kjelde[rediger]

Referansar[rediger]