Knut Svein Dale

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut Svein Dale
Knut Svein Dale 2016.jpg
Født: 23. desember 1949 (67 år)

Knut Svein Dale (fødd 23. desember 1949 i Bergen) er predikant i Normisjon Agder. Han vaks opp i Blomvågen i Øygarden kommune utanfor Bergen og gjekk realskule i Bergen og Nordhordland folkehøgskule på Frekhaug. Deretter vart det Bibelskolen i Staffeldtsgate i Oslo før han måtte i militærteneste. Deretter tok han til som ungdomsarbeidar i Namdal krets av Indremisjonsselskapet og var der i fire år. I 1974 begynte han på Bibelseminaret, eit toårig kurs for predikantar, på Bibelskolen. Hausten 1976 tok han til som forkynnar i det som då heitte Agder Indremisjon, og sidan har han vore der. Men han var foreningssekretær i Vennesla nokre månader og eitt år hadde han teneste som bysekretær i Kristiansand.

Dei seinare åra har han arbeidd mykje med eit opplegg der han syner ein film som illustrerer eit avsnitt frå Bibelen på møtene. Etter at møtelyden har sett filmen, er det høve til samtale før han held ein undervisningstime om det same avsnittet. Dette har blitt svært populært, får 2005 til 2010 hadde han hatt førti slike serieopplegg basert på enten Matteusevangeliet eller Apostelgjerningane, og det har vore venteliste for å få desse opplegga på bedehusa på Agder og han har hatt dei på fleire stader i Setesdal, mellom anna på Nomeland bedehus og Valle menighetshus. Knut Svein Dale bur i Kristiansand.

Eksterne lenker[rediger]