Knut Andersen Lindefjeld

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut Andersen Lindefjeld
Født: 10. november 1930
Død: 14. september 2009 (78 år)

Knut Andersen Lindefjeld (født 10. november 1930 i Fjotland, død 14. september 2009 i Eikerapen) bodde i Paramus, New Jersey, og var amerikansk statsborgar, men var mykje av tida i Åseral etter at han vart pensjonist i 1993. Kona hans, Bertha Eikerapen Lindefjeld, var frå Eikerapen, og Knut var medeigar i Åseral Turistsenter og Eikerapen skisenter.

Knut Andersen Lindefjeld kom til USA i 1949 saman med foreldrene Sissel Forgaard Lindefjeld og Syvert Andersen Lindefjeld og søskena Alf, Arthur, Ole Andreas og Kari, som alle vart verande i USA. I 1950 gjekk han inn i US Army og gjorde teneste i Tyskland. Då han vart dimmittert i 1952, begynte han å arbeide for Tryon Construction Co. i Paramus, New Jersey. Der var han til 1978, då han etablerte sitt eige selskap, K.A.L. Carpentry, Inc. i Paramus. Som pensjonist var «onkel Knut», som han vart kalla, engasjert for ECO-Bygg på anleggsarbeid, men han arbeidde og mykje med anna arbeid. Han restaurerte smia på garden og bygde sitt eige lafta hus, han murte peisar for folk og rusta opp hytter. Han var oppteken av kulturlandskap og heieliv og var sterkt engasjert i Eikerapen Roots Festival, som nevøen hans, Tor Åge Eikerapen, starta. Mellom anna var han den store pådrivaren for å få bygd toalettanlegg etter å ha fått tømt den gamle gjødselkjellaren hos svogeren, Elling Torstein Eikerapen.

Kona Bertha Eikerapen Lindefjeld lever etter han. Dei hadde to barn, Sandra Lindefjeld Hodne og Teddy Knut Lindefjeld, som begge lever i USA, det same gjer svigerbarn og barnebarn. Brørne Alf og Arthur er døde, men Ole Andreas og Kari bur saman med familiane sine i USA.

Det var bisettelse frå Åseral kyrkje laurdag 19. september 2009 klokka 11. Det var også minnemarkering i USA. Den skjedde lørdag 26. september 2009 klokka 11 i The Mission Church i Paramus.

Kjelder og eksterne lenker[rediger]