Kjetil Å. Kyrvestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kjetil Å. Kyrvestad
Født: 2. januar 1928
Død: 22. mars 2014 (86 år)

Kjetil Å. Kyrvestad (fødd 2. januar 1928, død 22. mars 2014) budde på Valle Bygdeheim den siste tida. Han var ugift og etterlet seg nevøar og nieser. Gravferda var frå Valle kyrkje tysdag 1. april 2014 klokka 12. Etter gravferda var det minnesamvær i Valle menighetshus. I staden for blomar ynskte ein heller ei gåve til Kreftforeninga.

Kjetil Kyrvestad d.y., som oftast kalla Lislen, var fødd og vaks opp på Kyrvestad i Valle. Han var agronom frå Lyngdal jordbruksskule. Etter skulen hadde han gardsarbeid på Austlandet. Som ung var han på anleggsarbeid på Skafsåvegen. Sidan var han med på Brokke-utbygginga, der han var på tunnelarbeid ved tverrslaga både på Løyland og i Åmli. Etter anleggstida fekk han seg arbeid på Landbrukskontoret i Valle som landbruksrettleiar. Garden hadde han saman med bror sin, som og heitte Kjetil Kyrvestad. Han var medeigar i Kveasåne kraftverk.

I fritida var Kjetil Å. Kyrvestad aktiv i det religiøse livet i bygda, han var ein trugen kyrkjegjengar og aktiv i yngres, ungdomsarbeid, Valle Bibellag og Normisjon. Han var og med i soknerådet.

Kjelder[rediger]