John Olav Uleberg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
John Olav UlebergSymbol unrelated.svg
Født: 12. oktober 1945 (78 år)

John Olav Uleberg (fødd 12. oktober 1945 på Uleberg) tok eksamen på Hornnes landsgymnas i 1965. Han hadde og yrkesskule og skogskule før han tok utdanning i skogbruk på Norges Landbrukshøgskole i 1972.

Deretter arbeidde han til 1979 ved Norsk institutt for skogforskning. Frå 1979 var han teknisk konsulent i Agder Skogeigarlag. Der hadde han ansvar for arbeidet med skogsvegar og skogsbilvegar og samarbeidde mykje med Saavi Nomeland. «Det var Saavi som lærde meg det som er verd å vete om skogsvegar,» sa han i eit intervju. Etter åtte år i skogeigarlaget vart han skogbrukssjef i Åseral og Audnedal, og der var han til han gjekk av med pensjon.

Kjelder