John Linjord

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
John Linjord
John Linjord.jpg
Foto: Odd Helge Liestøl
Født: 22. august 1929
Død: 10. mai 2011 (81 år)

John Linjord (fødd 22. august 1929, død 10. mai 2011) budde på Kylland i Åseral. Gravferda var frå Åseral kyrkje fredag 13. mai 2011. Han etterlet seg kona Gunhild Linjord (Lilla), fire vaksne barn, svigerbarn og barnebarn.

Den lengste tida var John Linjord lærar på barneskulen på Kylland, der han tok til på slutten av 50-talet, men på slutten av sitt yrkesaktive liv var han og ei tid på skulen i Kyrkjebygda. Ved sida av dreiv han med ungdyr og skogsarbeid. Han var og ein ivrig elgjeger. Han var og ein fast bidragsytar til den årlege Bygdeutstillinga i Åseral med sine produkt i tre.

Også innan foreningsliv hadde han eit stort engasjement. I 2008 fekk han Kongens Fortenstmedalje for å ha vore leiar av barneforeninga Vårknoppen i 50 år. Han var også engasjert i sundagsskulen, han var leiar i menighetsrådet og han var med i Åseral kommunestyre.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]