Jens M. Forgard

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jens M. Forgard
Født: 4. oktober 1919
Død: 9. februar 2010 (90 år)

Jens M. Forgard (fødd 4. oktober 1919, død 9. februar 2010) budde i Åseral. Han var ugift og etterlet seg søstera Gunhild, samt ei rekke personar som han var onkel og grandonkel til. Gravferda var frå Åseral kyrkje tysdag 16. februar 2010 klokka 12, og etter gravferda var det minnesamvær på Lordens Kro.

Etter at han vart vaksen, var Jens M. Forgard i mange år ute av Åseral på anleggsarbeid både i Setesdal og i Bjelland. Han starta på Nåvassdammen i 1941, sidan kom han mellom anna til Iveland, Herefoss og Brokke på anleggsarbeid. Han var og tre sesongar på kvalfanggst. Som odelsgut overtok han på 1970-talet gardsbruket heime i Kyrkjebygda og dreiv med sauer. Han kom med i politikken for Senterpartiet, og ved valet i 1975, der han stod på 14. plass på lista, kom han inn i kommunestyret og vart han vald til varaordførar. Ordførar Sigmund Jortveit døydde tidleg i valperioden, og då vart Jens M. Forgard ordførar. I hans ordførartid innførte Åseral kommune skatt på verk og bruk. Ungdomsskulen, som hadde vore på Byremo, vart og flytta heim att til Åseral. Etter å ha vore ordførar denne eine perioden, gjekk Jens M. Forgard heilt ut av politikken.

Kjelder og eksterne lenker[rediger]