Iveland jernbanebru
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Iveland jernbanebru gjekk over Otra på eit sidespor på Setesdalsbanen mellom Iveland stasjon og Iveland kraftverk. Arbeidet med sidesporet inludert bru og ein kort tunnel kom igang i 1942, samstundes som arbeidet med å bygge kraftstasjonen starta opp, og var fullført innan 2. verdskrigen var slutt i 1945. Bruspennet var på 38 meter.
Etter nedlegginga av Setesdalsbanen i 1962 har sidesporet og brua vore køyreveg.
Kjelder
- Roar Olsen (red.), Fra gamp til damp. Setesdalsbanen - de første hundre år, utgjeve av Stiftelsen Setesdalsbanen, 1996, side 137
- Artikkelen om sidesporet til Iveland kraftstasjon på Kulturminnesok.no