Interkommunalt samarbeid om UNESCO-satsing i oppvekst

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Interkommunalt samarbeid om UNESCO-satsing i oppvekst er eit delprosjekt under hovudprosjektet Setesdalsfolk. Føremålet er opplæring i folkemusikk – song, dans og spel – i skular, barnehagar og kulturskular i Bykle, Valle og Bygland kommunar, samt samarbeid om ei interkommunal stilling i folkemusikk i kulturskulane.

Samarbeidspartnarar er dei tre kommunane Bykle, Valle og Bygland, Setesdal Spelemannslag og Agder fylkeskommune. Prosjektansvarleg er Valle kommune ved kommunedirektør. Prosjektleiar er leiar Kultur og Fritid Valle kommune, for tida (2021) Torunn Charlotte Nyberg.

Kjelder

  • Halvårsrapport 2023, Interkommunalt samarbeid om UNESCO-satsing i oppvekst, dagsett 26. juli 2023