Inger P. Rysstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Inger P. RysstadSymbol confirmed.svg
Inger P Rysstad .jpeg
Inger P. Rysstad på opninga
av Bykle og Valle kunstlag
si sommarutstilling 2011.
Født: 1. mars 1962 (57 år)

Inger P. Rysstad (fødd 1. mars 1962) driv Rysstad Interiør & Kunst. Ho gjekk på Valle vidaregåande skule og tok eit år husstell og eit år vev før ho fekk arbeid på Øvre Otra frå 1980 til 1982. Deretter tok ho utdanning innan handel og kontor på Hornnes vidaregåande skule 1982/83 og Gimle vidaregåande skule i Kristiansand 1983/84 med tillegg i rekneskap og løn før ho fekk seg jobb i Valle kommune som sekretær og EDB-koordinator på rådmannskontoret. Der slutta ho etter 20 år og tok utdanning som interiørarkitekt på NKI i 2005.

Måling og teikning har alltid stått henne nær, og ho har teke kurs i landskapsmåleri i olje og acryl med Gunnar Hillestad og Jarle Sundt og rosemåling har ho lært hos Olav Tveiten. Ho har og teke kurs i abstrakt måling og meditasjonsmåling og held sjølv kurs i dette. Etter kvart har ho hatt fleire utstillingar, og ho har etablert eige atelier på Rysstad der ho stiller ut bileta sine. I 2011 hadde ho fire bilete og tre rosemåla ting utstilt på Kunstlaget si sommarutstilling 2011.

Inger er dotter til Pål Rysstad og kona Ingebjørg Hovet Rysstad

Kjelder[rediger]