Håvard Viki
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Håvard Viki | ||
|---|---|---|
| Født: | 14. oktober 1932 (93 år) | |
Håvard B. Viki (fødd 14. oktober 1932) er mekanikar og maskinreparatør med eige firma i Valle, der han sel mindre maskinar av mange slag, både snøscootarar og plenklypparar. I fritida er han sterkt engasjert i kristeleg arbeid og har kvar veke andakt på Valle Bygdeheim. I tillegg er han ein del av staben i Valle Radio, der han har ansvar for andaktsprogrammet Tankar frå Bibelen ein onsdag i månaden.
I desember 2011 fekk han og kona Vilborg Viki blomen for frivillig dugnadsarbeid i kyrkjelyden av Valle og Hylestad diakoniutval.
Kjelder
- Fødselsdagsnotis i Setesdølen nr. 81, 2007 side 10