Hylestad Auto
Hylestad Auto er ein bilverkstad, snøscooterbutikk og bensinstasjon på Rysstad i Valle. Frå sommaren 2021 eig verksemda også den svære industrihallen i Rysstadmo industriområde der UTA tidlegare heldt til. I tillegg til snøscooterar og andre typar motorkøyretøy sel verksemda tilbehør av mange slag, snøfresarar og motorsager med meir. Bilverkstaden er med i SjekkPunkt Bilverkstedgruppen. Bensinstasjonen var Statoil-stasjon til 8. februar 2017, då namnet blei endra til Circle K Rysstad. Gunnar A. Helle og sonen Vidar Helle eig og driv verksemda. I februar 2017 er det sju årsverk i firmaet, fordelt på 12 personar. Omsetninga i 2015 var ca 40 millonar kroner. I 2020 var dette auka til om lag 50 millionar.
Historie
Hylestad Auto blei etablert sommaren 1947, under namnet «Liestøl og Helle». Andres G. Helle og Lars Liestøl var skiparane. Andres reparerte bilar i eine enden av verkstaden, medan Lars dreiv med sveising og anna metallarbeid i den andre. Drivstoffpumper kom først på plass på 1950-talet. I 1958 endra verkstaden namn til Hylestad Auto. Framleis var det to verksemder i same bygget. I 1968 vart det bygd bensinstasjon sør for verkstaden. Stasjonen var bygd av Norsk Brenselolje. Bensinmerket var BP. Evje Bygg sette opp stasjonen. Hylestad Auto leigde bygget til 1983, då dei kjøpte ut bygget også.
I 1986 kjøpte Gunnar A. Helle faren Andres ut av verksemda, og tok over selskapet sjølv. Tidlegare hadde Lars Liestøl flytta si verksemd til lenger sør på Rysstadmone.
I 2014 blei det bygd ny verkstadhall. I bygget er det også butikk og lager. Dette var ei investering på omlag 4 millionar kroner.
Kjelder
- Facebook-sida til Hylestad Auto
- Om Hylestad Auto på Proff.no
- På Rysstad får du scooter og jolegåver!, stykke i Setesdølen nr. 95, 2016, side 20
- Ole Birger Lien, Hylestad Auto 70 år til sommaren, artikkel i Setesdølen nr. 10, 2017, side 8
- Ole Birger Lien, Opptur for Hylestad Auto i fjor, artikkel i Setesdølen nr. 4, 2021, side 11
- Ole Birger Lien, Hylestad Auto har kjøpt hallen, artikkel i Setesdølen nr. 68, 2021, side 6