Hovden Alpin Resort
Hovden Alpin Resort er eit eigedomsselskap (aksjeselskap) med føremål «utvikling og salg av egen fast eiendom ellers». Selskapet er toppselskapet for driftsselskapa Hovden Alpinsenter AS, Hovden Alpin Servering AS og Hovden Aktiv AS. Det er også Hovden Alpin Resort som står bak klesbutikken Nos på Hovden. Selskapet har ein eigarandel på 50 % i Hovdestøylen Utvikling AS, som eig Hovdestøylen Hotel & Lodge.
Selskapet er eigd av aksjeselskapa Form Invest Hovden (65 %) og Mamito (35 %). Dagleg leiar frå mai 2019 er Ann-Torill Briksdal. Styreleiar er Roger Hagel Sørli.
Ved skipinga i 2010 heitte firmaet Hovden Alpin Utvikling. Hausten 2019 blei namnet endra til Hovden Alpin. Før jul i 2019 blei namnet endra til det noverande; Hovden Alpin Resort.