Horverak bryggje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Horverak bryggje er ei av bryggene som dampbåten Bjoren nytta i den tida båten gjekk på Byglandsfjorden. Det var i alt 14 slike bryggjer. Då vegen rundt Fånekleiva var ferdig i 1923, kom det bilrute på austsida, men framleis nytta folk på vestsida båten. Dei eldste bryggene rundt fjorden var kassebygde, sette saman av lafta kassar som var fylte med stein. Framleis finn ein restar av denne brygga på Horverak.

I 2005 fekk Sigbjørn Horverak, som var grunneigar for Horverak brygge, Eystein Greibrokk til å restaurere brygga etter mange års forfall.

Kjelder[rediger]