Hornnessongen
Hornnessongen stod på trykk i Jol i Setesdal 1964. Han er skriven av Olav A. Tveit.
Hornnes, mi heimbygd, med gardar og grender -
urgamle ætter i skiftande kår.
Lat det no ljoma frå fjell og til strender
songen om bygda som me kallar vår.
Her har forfedrane slite og streva,
her vart dei fødde til glede og strid.
Soleis fekk me denne plass til å leva -
Hornnes, du kjære, du heimbygda mi.
Skogkledd og fager og grøn som ein hage,
slik har me sett deg frå nutar og fjell.
Høgreiste furu i drusteleg drage
skiftar i sjarme frå morgon til kveld.
Åsryggar lange mot høgda seg tøyer
og inni mellom det lyser ei grend.
Elva i bukter kring nesa seg bøyer,
glitrar i solskin der stille ho renn.
Otra, du strevsame, du kan vel smile
når du på reisa di stoggar ei stund.
Just her på Hornnes du legg deg til kvile
ute på Breiflå med vikar og sund.
Her bygde Hauge og fekk sine vener,
papir og møllebruk arbeid oss gav.
Her langs dei mange og sandkvite strender
ligg dette landskap og speglar seg av.
Inne i skogane der er det trivlig -
hestane kneggar og furua fell.
Arbeidet går der så leikande livleg,
øksehogg svarar frå fjell og til fjell.
Men når så våren med lauvsprett er komen,
spennar me hestar for harv og for plog.
Aldri så helsesam kjenner du dåmen
slik som ein vårdag frå åker og skog.
Åndsliv og kunnskap set merke på alle,
Landsgymnaset står høgreist og fritt.
Kyrkja den åtte-kanta skal kalle -
kalle den gode til offer og strid.
Mang ein misjon har i bygda sitt feste,
mang ein forening ber arbeidet fram.
Arbeid for velferd til alle sitt beste
Ut i blant våre til framande land.
Lat oss då saman ein broderring binda,
takksam for bygda me lagar ein lekk.
Gera vårt beste kvar mann og kvar kvinna,
auka dei gode i arven me fekk.
Standa på vakt i mot alt som vil tyngja,
fremja dei rettvise krav til ein kvær.
Då skal dei komande ætter få syngja,
songen om bygda og få henne kjær.
Kjelder
- Alf Georg Kjetså, Hornnes mi heimbygd, bind 1, utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2017, side 5