Hest gjennom is i Valle 1945

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hest gjenom is i Valle. Slik sto det å lesa i ein liten notis i Fædrelandsvennen, den 18. januar 1945. Ein hest hadde stor verdi i dei tider, så dette var ei trist hending både for dyr og menneske.

Hest gjennom is i Valle[rediger]

Hesten til Pål G. Haugen gjekk gjenom isen tysdag og drukna. Ulukka hende nedanfor Steinsland, der elva går nokså strid. Hesten var spent fyre slede med 100 kg. poteter på. Der var to mann. Det såg nokså stygt ut for den eine som heldt i beislet, og vilde prøva å berga hesten då hesten sjølv arbeidde så for å halde seg oppe. Dei greidde diverre ikkje å halde han oppe, og då elva gjekk strid, bukka han under, og vart burte.
Hesten var i sine beste år, og særs god hest, så det vert ikkje godt å erstatta han. Hesten var truleg assurert.

Kjelde[rediger]