Helga Bjørkeli

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Helga BjørkeliSymbol unrelated.svg
Født: 9. januar 1955 (64 år)

Helga Bjørkeli (fødd 9. januar 1955) er lærar på Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle. Ho kom dit i 1985, familien flytta tilbake til Valle i 1982, og før det hadde ho arbeidd på Emma Hjorts hjem for psykisk utviklingshemma, ein sentralinstitusjon innan omsorg for folk med psykisk utviklingshemming. Ho gjekk på Statens Lærarskule i Husstell Stabekk, der ho var ferdig i 1979. Så tok ho vidareutdanning 1. avdeling i spesialpedagogikk og eit år familiekunnskap. I tida i Valle har ho teke Norsk for utlendingar, barne- og ungdomslitteratur og bachelor i nordisk språk og litteratur.

Ho var og engasjert av Valle kommune for å stå for norskopplæring av litauiske sjukepleiarar.

Setesdalsstrikk[rediger]

I 1991 starta ho Setesdalsstrikk heime i kjellaren i Leite. Etter kvart vart det ein del arbeid, og Reidun Haugland og Eli Andersen kom med i strikkeverksemda. Dei produserte for det meste setesdalsgenserar, men og andre strikkevarer, mellom anna genserar til Valle musikkorps. Etter kvart vart det så mykje arbeid at dei fekk plass i dei gamle lokala til Valle Sparebank, der Valle blomar og gåver seinare flytta inn.