Heimigard Bø
Hopp til navigering
Hopp til søk
Heimigard Bø er eit gardsbruk (Valle gnr. 55 bnr. 3) på matrikkelgarden Nørdre Bø på Bø i Valle. Heimelshavar (2026) er Olav Kåre Bø (f. 1971).
Det er ikkje lenger stogehus på Heimigard. Olav Kåre Bø er også heimelshavar til Syndre Bø, bnr. 2. Han driv dei to gardsbruka saman.
Bonden på Heimigard, Ånund Olsson Bø (f. 1745, d. 1793), og sonen Torleiv Ånundsson Bø (f. 1772, d. 1793), døydde begge i det store raset som gjekk over Bø i 1793.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 178–194
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk