Harry Helleland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Helleland
Født: 8. mai 1937
Død: 6. januar 2020 (82 år)

Harry B. Helleland (fødd 8. mai 1937, død 6. januar 2020) var fylkessekretær for KrF i Aust-Agder i over 25 år frå 1981. Han budde i Mykland, der han var med i Froland kommunestyre, leiar i soknerådet i Mykland og i fellesrådet i Froland og der han også var president i Froland kompelag i 17 år. Men i 2014 flytta han til Bygland, og frå 2015 har han budd i leilighet på Byglandsheimen, noko som skuldast at han fekk svekka syn med alderen.

Harry Helleland vaks opp i Sverige under 2. verdskrigen, då faren flykta dit og fekk familien etter. I vaksen alder var han ein periode partisekretær i Dalarne før han tok til som fylkessekretær for KrF i Aust-Agder.

Han etterlet seg kona Jenny Helleland, barna Ingunn Helleland, Knut Helleland, Helga Helleland og Lars Kristoffer Helleland, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og øvrig familie. Sonen Helge Gunleik Helleland var død tidlegare. Bisetting var i det stille.

Kjelder