Knut Helleland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut HellelandSymbol unrelated.svg
Knut Helleland.jpg
Født: 5. desember 1962 (56 år)

Knut Helleland (født 5. desember 1962 på Bryne) driv Aquaponic og Setesdalsmat. Han vaks opp på Fogn i Ryfylke, men familien flytta til Sverige då han var 11 år gammal. Der starta han som seljar med å selje reklame for ei gratisavis i Stockholm. Deretter vart han regionssjef for det som ein i dag kjenner som telefonkatalogtenesta Eniro.

I 1987 slutta han i jobben for å arbeide på heiltid med utvikling av spel. Han utvikla eit spel som liknar Monopol, men var basert på aksjehandel og lokale spørsmål. I løpet av fem år kom det spel for 40 byar i Sverige, noko som gav ei omsetning på 50 millionar. Han har planar om tilsvarande spel for norske byar og har på gang ein prototype for Stavanger. Samstundes drøymer han om å få til eit slikt spel for Setesdal.

Familien budde nokre år i Kristiansand, men ville gjerne bu på landet. Det var imidlertid vanskeleg å finne eit gardsbruk, så han laga eit prospekt og sende rundt til 500 gardsbruk på Agder. Dei fekk napp på Bjoraa Gartneri, og i dag driv han og kona Maria som tomatbønder med ein årleg produksjon på 120 tonn og ein omsetnad på kring 3 millionar kroner. Ut frå dette har han så stifta selskapet Aquaponic, som byggjer på ideen om å la planter vekse i vatn og få gjødsel frå oppdrettsfisk. Og då Setesdalsmat gjekk konkurs, tok han over buet, slik at ikkje det flotte kjøkkenet på Evjemoen skulle seljast ut av bygda stykkevis og delt.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]