Folke Frøysnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Folke Frøysnes er ein roman av Hallvard Sandnes. Boka kom ut på Fonna Forlag i 1942 og er på 23 kapittel og 195 sider. Det er ei kjærleikssoge om Folke Frøysnes og Vilborg Haugland. Handlinga er lagd til 1890-åra, på den tida dei bygde Setesdalsbanen. Då familien til Folke må gje frå seg garden, reiser han til Amerika. Vilborg har lova å vente på han, men han vert borte mange år, og til slutt, etter at rykte om at han har drukna har gått lenge, gjev ho opp å vente og trulovar seg med Tarald Brattebø.