Gunnhild Schanche
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Gunnhild Schanche | ||
|---|---|---|
| Født: | 11. desember 1954 | |
| Død: | 21. november 2010 (55 år) | |
Gunnhild Aleide Schanche (født 11. desember 1954, død 21. november 2010 på Evje) var rådmann i Bygland kommune frå 1. februar 2008, då ho overtok etter Eva Richter. Men ho vart sjuk nokså fort etter at ho hadde teke til i stillinga, og i sjukemeldingsperioden sa ho opp stillinga si. Kommunen fekk då Andreas Vebostad som rådmann i eit årsengasjement.
Opphaveleg kom Gunnhild Schancne frå Hitra i Sør-Trøndelag. Ho var i tolv år kontorsjef ved Universitetet i Oslo, deretter fekk ho stilling som kontorsjef ved medisinsk fakultet ved NTNU i Trondheim. Ho kom frå denne stillinga til rådmannsstillinga i Bygland.
Dødsannonsa hennar i Setesdølen fortel at ho etterlet seg Trygve Johansen, og at urna hennar skal setjast ned på Hitra i mai 2011.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Byglands andre rådmann som er død. Artikkel i Setesdølen nr. 98, 2010 side 2