Flatebygg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Flatebygg er eit tømrarfirma på Evje. Det blei etablert i 2007 av Torstein Undeland, som er dagleg leiar, og Tor Syvert Jokelid. Dei bygger hytter og hus og tek også på seg utvidingar, rehabiliteringar og reparasjonar av ulikt slag. Utgangspunktet for firmaet har vore Evje og Høgås hyttefelt, men dei har også hatt arbeid på Hovden og Bortelid. År om anna er omsetninga på 6-7 millionar kroner i firmaet, som i tillegg til dei som etablerte firmaet hadde Salve Øina jr. og Erik Undeland som tilsette og rallykjørar Magnus Simonsen som lærling i 2018.

Kjelder