FK butikken Evje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
FK butikken Evje.
Nytt tilbygg kom opp hausten 2019.
Foto: Geir Daasvatn

FK Butikken Evje er Felleskjøpet Rogaland Agder sin landbruksbutikk sør på VerksmoenEvje. Butikksjef er Per Nyhus. Andre tilsette (2019) er Olav Arne Skytteland Tveit, Peter André Knutsen, Gunnar Dovland og Irene Lien. Forretninga heldt tidlegare til på Byglandsfjord i mange år.

Onsdag 18. desember 2019 opna «nye» FK butikken, etter ei større utviding med tilbygg mot vest og total ominnredning innandørs. Utvidinga og opprustinga kom på i alt 12 millionar kroner. Hovudentreprenør for arbeidet var Veidekke. Bademiljø Ragnar Aas stod for sanitærarbeidet. ERV Teknikk hadde elektro-, røyr- og ventilasjonsarbeider. Grunnarbeidet gjorde Breistøl & Falkgjerdet Maskiner. Evje Elektroservice hadde det elektriske arbeidet. Ramse Malerservice utførte målingsarbeidet og la golvbelegg. NorLock monterte låser og beslag. Evje Glass Service leverte portar. Bøttger stålentreprenør prosjekterte, leverte og monterte stålkonstruksjon, sjølvberande takplater, sandichelement og blikkenslagararbeid.

Kjelder[rediger]