Evje Glass Service

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Evje Glass Service i nytt hovudkvarter 11. februar 2024.

Evje Glass Service er eit firma som leverer alt innan glas, garasjeportar og solskjerming. Firmaet held til på VerksmoenEvje, i nytt (2022) forretningsbygg nord for Evje og Hornnes bibliotek og Evje Bowling. Innehavar er Jahn Kåre Haugen. Andre tilsette er Asbjørn Haugen og Svein Tore Thorsen.

Glasarbeid

Firmaet tilbyr tilskjering av glas, glasrekkverk, glas under ovn, glas over kjøkkenbenken, herda glas, laminert glas, isolerglas med meir.

Solskjerming

Evje Glass Service kan hjelpe med innvendig solskjerming som persienner, rullegardin, duette, plissé, smartcord og lamellgardiner. Innan utvendig solskjerming persienner, screen, vindaugsmarkiser og terrassemarkiser.

Garasjeportar

Firmaet er forhandlar av Crawford garasjeportar i Aust- og Vest Agder.

Kjelder

Eksterne lenker