Evje og Hornnes sauealslag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Evje og Hornnes sauealslag er ei interesseforening for saueeigarar i Evje og Hornnes. Laget hadde 24 medlemmer i 2013, og hadde som mål å få 30 medlemmer i løpet av 2014. På årsmøtet i 2014 valde laget Eivind Odd Kalhovd til ny leiar etter Tor Arne Heisel, som vart vanleg styremedlem. I tillegg vart Jan Hodne ny nestleiar, Alf Egil Kjebekk sekretær, Dag Erik Rosseland kasserar. Varamedlemmer blei Randi Knutsen og Ole Magne Omdal.

Laget tilbyr både radiobjøllemerking og praktisk hjelp i oppstarten for nye sauebønder. I laget er medlemmer med bare 4-5 vinterfora dyr. Frå 2012 til 2015 er talet på sauer i Evje og Hornnes auka frå 3 200 til 3 700.

På årsmøtet i februar 2018 gekk Egil Kjebekk av som sekretær, etter å ha hatt vervet i ei årrekke. Han vart heidra med Æresbjølla, som laget delte ut for første gang.

Styre 2016[rediger]

Eivind Odd Kallhovd, leiar, Dag Erik Rosseland, kasserar, Egil Kjebekk, sekretær, Tor Arne Heisel, nestleiar, Anders Tore Sløgedal, styremedlem

Styre 2017[rediger]

Eivind Odd Kallhovd, leiar, Tor Arne Heisel, nestleiar, Egil Kjebekk, sekretær og Anders Tore Sløgedal, styremedlem.

Styre 2018[rediger]

Eivind Odd Kallhovd, leiar, Tor Arne Heisel, nestleiar, Anne Elin Greibrokk, sekretær og webansvarleg, Ellen Cecilie Møllen, kasserar og Anders Tore Sløgedal, styremedlem.

Kjelder[rediger]