Evje og Bygland legesenter

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje og Bygland legesenter er eit samarbeid om legetenestane i Evje og Hornnes og Bygland. Det starta opp frå 1. juni 2022.

Samarbeidet gjeld vanleg pasientbehandling, legevakt, kommuneoverlege og tilsynsoppgåver. Legesenteret har fastlegar, LiS1-lege (turnuslege), bioingeniør, sjukepleiarar, helsesekretærar og kommuneoverlege. Kontorstadane er dei same som tidlegare, på Evjeheimen og på Bygland legekontor.

Legesenteret har felles telefonnummer: 37 40 79 00. Telefonen er open klokka 8.30–11.30 og klokka 13–15 på kvardagar.

Fungerande kommuneoverlege er Ann-Margreth Haaland. Før henne hadde Åsulv Horverak stillinga i ei årrekke.

Kjelder